Retten som pasientar har til informasjon og medverking kan utfordre teieplikta. Helsepersonell gir ofte helsehjelp til pasienten i nærleiken av andre som ikkje er involverte i behandlinga. Dette kan til dømes vere i akuttmottak, på venterom, ved disken på apoteket og samtalar mellom helsepersonell. Risikoen for å bryte teieplikta er ofte til stades i desse situasjonane.
Rettleiaren tek for seg kva omfang og innhald teieplikta har i den munnlege dialogen med pasienten, og korleis helsepersonell kan ivareta teieplikta i denne situasjonen.
|